Ettertid er eit likestilt samarbeid mellom musikk og litteratur.
Om avstand er eit musikkstykke skrive av Tor Anders Eri, basert på forfatterskapen til Fredrik Hagen, og handlar om nettopp avstand; Om det som forsvinn og det som står igjen. Om avstand tek utgangspunkt i det grunnleggande problem med alle våre relasjonar: At vi aldri eigentleg kjem heilt nær kvarandre, men at det alltid vil vere noko avstand mellom menneske. I stykket utforskar dei dette og løftar fram ei rekkje ulike relasjoner: Til kjærestar og tidlegare kjærestar, til foreldre og besteforeldre, og ikkje minst - koplinga mellom den vi ynskjer å vera og den vi klarar å vera. Alle disse relasjonane er tidvis prega av avstand, men sjølv om dei ikkje er perfekte, er dei likevel heilt essensielle. Stykket utforskar óg korleis mein er aller nærast når ein deler estetiske opplevingar: Når to stemmer kjem saman, når pust og musikk vert blanda.