Simon Stranger er aktuell med ein frittståande oppfølgar til romanen Leksikon om lys og mørke, som han fekk fekk Bokhandlerprisen for i 2018. Møt han i samtale med Fredrik Hagen om boka.
Dette er forteljinga om det jødiske ekteparet Rachel og Jacob Feldmann som blir drept av grenselosane dei trudde skulle redde dei. Om Ellen Glotts familie som fekk bustad, private gjenstandar og framtidsdraumar røva frå seg, før dei blei jaga på flukt.To generasjonar seinare skal Ellens borneborn gifte seg med forfattaren Simon Stranger. Under eit skrivearbeid om det norske folkemordet, kjem Stranger over opplysningar om eiga slekt, som gir nye perspektiver på det mørkaste kapittelet i moderne historie.
Romanen er utforma som eit museum. Kvart kapittel er ein sal, fylt med gjenstandar, fotografier og minner. Til saman dannar dei ein mosaikk frå den verkelege verda, der kvar bestanddel avdekkjer ei historie så merkverdig og makaber, at den overgår fantasien. Museum for mordere og redningsmenn er ein roman om ytterpunkta i det menneskelege, om skuld og ansvar, og om korleis vi iblant kan vera avhengige av framande for å overleve.