Bli med inn i Apparatrom sør i Lindehuset og høyr Pedro Carmona-Alvarez lese Labyrinten er en argentinsk oppfinnelse frå symposieboka No. 15.
15 år, 15 tekstar
Boka No. 15 blei til ved Litteratursymposiet i Odda sitt 15-årsjubileum i 2020, og var vårt koronatiltak til forfattarar. Sidan vi ikkje visste om vi kunne lage festival, ville vi i alle fall gje forfattarar oppdrag og arbeid, og sikre at vi fekk noko handfast ut av festivalen og kunne bruke støttepengane til det det var meint for. Vi klarte heldigvis å lage festival det året, og fekk ei heilt nydeleg bok på kjøpet!
Vi inviterte 15 forfattarar, som hadde vore på festivalen i perioden 2005 - 2019, til å skrive ein ny tekst om kvart sitt tema på festivalen gjennom åra:
FRÅ INDUSTRIKULTUR TIL KULTURINDUSTRI: Amalie Kasin Lerstang
POLITISK LITTERATUR: Kjartan Fløgstad
KJÆRLIGHET: Ingvild H. Rishøi
MUSIKK/LITTERATUR: Nils-Øivind Haagensen
LITTERÆRE BILETE: Paal Maage Elstad
SMUSS: Wencke Mühleisen
BRÅK: Lars Ove Seljestad
FENGSLA: Leander Djønne
UNORSK: Inger Bråtveit
KOMPIS: Frode Grytten
HEIM: Marit Eikemo
HJELP: Vigdis Hjorth
KAPITAL: Dag Solstad
LØGN: Pedro Carmona-Alvarez
DØDEN: Gunnar Wærness
REDAKTØR: Kaja Schjerven Mollerin
Bli med inn i Apparatrom sør i Lindehuset og høyr eit utval forfattarar lese sin tekst.
Alle dagar kl. 15.30
ONSDAG NO. 15 FENGSLA Leander Djønne les Dei sovande.
TORSDAG NO. 15 DØDEN Gunnar Wærness les Vi er allerede døde, og det er greit.
FREDAG NO. 15 LØGN Pedro Carmona-Alvarez les Labyrinten er en argentinsk oppfinnelse.