Tilbake til det eigentlege livet, seier skrivaren ein stad midt i Urd, samlinga Ruth Lillegraven fekk Bragepris for i 2013. Ho har nett sett seg i bilen og køyrer mot aust etter sommarveker med vøling av hus på familiegarden, sløying av fisk i regn og samtalar med dei gamle i slekta. Kunsten hermar livet. I dag bur Lillegraven i heimbygda Granvin, og rekkehuset i Bærum er seld.
Dette er andre dagar kom i 2020. Dette er dikt skrivne midt i tjukkaste koronatida, om innskrenkingar og fridom i ei tid då naturen har forbigåande betre dagar. Igjen melder spørsmålet seg: Kva er det eigentlege livet?
Ruth Lillegraven har skrive barnebøker, dikt, krim og teaterstykke. Denne dagen skal det handla om diktsamlingane hennar, om Olav H. Hauge og andre inspirasjonskjelder, om tilhøvet mellom musikk og lyrikk, og om å freista å kle det eigentlege i ord.
Samtaleleiar Arne Olav Hageberg er redaktør i tidsskriftet Bok & bibliotek.
Foto: Agnete Brun