"Det var en gang et nå" av og med Teater Joker.
Mine damer og herrar, gutar og jenter, troll og prinsesser. Bli med inn i eventyra si magiske verd, med historiar om heltemot, hjartelag, kløkt, underlege vesen, skumle skapningar, prinsesser, troll og folkekjære skattar.
Teater Joker, to kvinner og éin mann, rullar ut eit teppe og speler ut eventyr frå Noreg og verda. Med enkle grep skapar dei verder ut av «ingenting». Ei teaterframsyning med eventyr for born, med historier frå heile verda. Passar for born i alderen 4 - 100 år.
Det vi nyleg har opplevd, der heile verda stengde ned og livet blei sett på pause, gjer noko med korleis vi tenkjer om og responderer på samfunnet rundt oss. Det nære får ein større verdi, og vi går tilbake til det basale. For kva er det som verkeleg har verdi?
Kva knyttar menneska saman? Det gjer historier. Det har dei alltid gjort og det vil dei alltid gjere. Gjennom historier kan vi læra noko om oss sjølve, og korleis det er å vera menneske i vår verd. Det er nettopp i denne tida vi må fortelja kvarandre historier, ikkje minst til borna våre.
Eventyra har overlevd det meste, og årsaka er ganske enkelt at dei har noko å seie, noko grunnleggjande om mot, hjartelag og samhald.
Vi har ingen scenografi, kun eit raudt teppe. Når skodespelarane trår inn på området er stykket i gong, når dei går av er det over. All lyd og musikk i framsyninga er akustisk. Dette gjer at framsyninga er svært turnévennleg. Den kan spelast så og si kor som helst i inn- og utland, med kort riggetid.
Takk til Gjermund Andresen som scenografikonsulent, og den færøyske artisten Eivør for bruk av songen “Trøllabundin”.
Framsyninga er støtta av Spenn, Fond for Utøvende Kunstnere, Fond for Frilansere, Oslo Kulturskole og SEANSE
Medverkande skodespelarar:
Ingri Enger Damon
Haakon Strøm
Guri Glans
Øvrige medverkande:
Regi og idé: Irene Lecomte
Kostymar: Line Antonsen
Musikk : Geirmund Simonsen og Eivør
Produsent: Kari Ramnefjell