Høgtlesing av (enno) upubliserte tekstar:
KL. 15.00 Charlotte Weitze les frå sin komande roman. Den handlar både om den danske folkeminnesamlaren Evald Tang Kristensen, ei framtidsfortelling om internett og kunstig intelligens, OG om ein forfatter som ikkje lenger kan publisera tekstar, fordi AI no skriv all litteratur.
KL. 15.30 Lars Ove Seljestad les (lære-) diktet Besten sin store song. Diktet leikar seg med norrøn litteratur, språk og ein mogleg norrøn etikk, og er ifølgje våre kjelder ikkje for sarte sjeler.