Det finst eit kjend sitat frå Arthur C. Clarke som går som dette: Any sufficiently advanced technology is indistinguishable from magic. Tenk berre på mobiltelefonane våre: No har vi hatt dei såpass lenge, at vi tek dei for gitt, men som enkeltmenneske har vi eigentleg lite forståing for alle dei underliggande strukturane som verker saman for å få dei til å fungere. Det er nettopp dei underliggende strukturane som vi ikkje ser, som er magiske.
Vitskap og magi sameksisterer i forteljinga om Frankenstein - og held fram med å leva i oss som både ein fasinerande tanke og eit mareritt. Maskiner og AI tek over stadig fleire oppgåver frå menneska, kva er konsekvensane av det? Kva kan skje når hjarte byter kroppar, og kroppar kan leva enno lengre? Ein samtale om teknologiens og litteraturens moglegheit for å gje oss eit liv som tidlegare verka umogleg.
Danske Kaspar Colling Nielsen utforsker mellom anna desse tema i Den europeiske våren. Han møter Helge Thorbjørnsen til samtale om både magiske og dystopiske forhold knytt til teknologi og ulike former for (kunstig) intelligens.