Litteratursymposiet vert kvart år planlagd rundt eit tema. Eit godt tema er kjenneteikna ved at det er samfunnsaktuelt, meiningsfullt i seg sjølv og at det byr på fleire tolkingar av begrepet.
Om ein slår opp ordet ‘drama’ i ordboka, finn ein følgande definisjon: dikting som framstiller ein som oftast innvikla og konfliktfyld historie gjennom personar sine handlingar og replikkar. I over 2500 år har menneske samla seg kring scener for å sjå skodespelarar spele ut livets komedier og tragedier, slik dei er skrivne av samtidas store dramatikarar. På sitt beste kan eit godt drama setje livsvilkåra våre i relieff, heiter det gjerne.
`Drama’ har og ei overført tyding, som eit oppsiktsvekkande, rystande opptrinn eller hending som endar med ulukke eller katastrofe. Når ein i framtida skal nedteikne historia om 2020-talet, er det ikkje vanskeleg å sjå for seg at ordet ‘dramatisk’ vil bli brukt.
Ikkje lag så mykje drama, seier vi gjerne når nokon kring oss lagar oppstyr om eit eller anna. Våre mellommenneskelege relasjonar er fulle av drama; kjærleiksbrot, utroskap, familiekranglar, venskap som går ad dundas. Nokre gonger råkar dramatikken heilt ut av det blå, snur opp ned på liva våre, i form av sjukdom, ulukke og død. I slike situasjonar er det gjerne litteraturen vi grip fatt i: ord som gjer sorga lettare å bere, ein fellesskap av menneske som har opplevd noko av det same. Kva kan litteraturen lære oss om å akseptere forandring, tole at livet i sitt vesen er eit usikkert og høgst dramatisk prosjekt?
Rundt desse spora programmerer vi no årets Litteratursymposium. Følg med her på nettsida og på sosiale medie for meir info om kven som kjem og kva som skal skje
Design logo Augon Johnsen