Årets tema på Litteratursymposiet i Odda er Eksplosjon!
Eksplosjonen er ei rask og kraftig utviding. Eit bristepunkt, ei øydelegging, ein slutt og ei ny byrjing i same rørsle. Eksplosjon kan romme samanstøyt på fleire plan: forelsking, orgasme og raseri. Det kan vere Bigbang, eksplosiv samfunnsutvikling, konflikt, krig og arbeidsulykker.
Eksplosjonen er det som kan rive oss ut av det kvardagslege og trivielle. Det eksploderer i hjernen når vi får ein fantastisk idé, når vi forstår noko nytt. Det kjennest ekstatisk når vi står heilt fremst på ein stor konsert eller blir rive med av ei bok, når vi blir forelska og kjenner at noko blir utvida, blir større.
Vi lever i ei uroleg tid der verda endrar seg, og ho gjer det raskt. Det ikkje er godt å vite kor det smell neste gong. Det er krig i Midtausten og i Europa, og høgreekstreme er på frammarsj. I USA er Trump tilbake og har lagt opp til ein regjeringsstil som har meir til felles med autoritære leiarar enn demokratiske allierte. Her heime kranglast det om fjellrettar medan naturkreftene kjem stadig nærare gjennom ekstremvær og ras, og i verdsrommet svever ein asteroide som kan kollidere med jorda 22. desember 2032. Kva gjer det med oss som menneske at vi dagleg høyrer om hendingar som vi for berre nokre år sidan ville sett på som utenkjelege?
Eksplosjonen forandrar alltid. Nokre gonger med fatale konsekvensar, andre gonger med ein lovnad om at noko nytt og betre er i emning. Vi har vigd festivalen til dei store opplevingane og dei store hendingane som endrer alt.