Språkvitar og forfattar Kristin Fridtun fortel om lengten etter eit reint, sterkt og feilfritt språk.
I dag finst det offisielt fastsette reglar for skriftspråket. Dette er vi så vane med at vi radt ikkje greier å førestilla oss noko anna. Det gjev prestisje å meistra reglane, og mange går automatisk ut frå at folk som ikkje kan skriva rett, er dummare og mindre pålitelege enn dei som skriv rett. Mange har òg ei kjensle av at språket kjem til å forfalla eller gå i oppløysing dersom folk byrjar ta lett på reglane.
Kvar kjem ho ifrå, denne utbreidde oppfatninga om at språket – særleg skriftspråket – er ei skøyr sak som må passast på? Kvifor har vi så lett for å oppfatta andre språkbrukarar som eit trugsmål mot språket? Og kven er det som tener på at me tenkjer slik?
Desse spørsmåla og fleire til skal Kristin Fridtun prøva å svara på i dette føredraget. Det siste tiåra har ho gjeve ut ei rad bøker og artiklar om språk, med hovudvekt på norsk språkhistorie og språkdebatt. Våren 2021 kom ho med boka Kunsten å irritera seg over skrivefeil. Føredraget tek utgangspunkt i denne boka.