Kristin Fridtun (f. 1987) er utdanna språk- og litteraturvitar og har skrive fleire bøker om språklege emne. Dei to siste bøkene hennar drøfter sider ved språkstoda og språkdebatten vår: Språket er ei bukse – om biletbruken i norsk språkdebatt (2019) og Kunsten å irritera seg over skrivefeil – kvifor gjer me det, og har det noko for seg? (2021). Fridtun har sidan 2009 vore fast språkspaltist i avisa Dag og Tid.
Koplinga mellom språk, kjønn og seksualitet er òg eit tilbakevendande tema i forfattarskapen. I Kjønn og ukjønn (2015) granskar Fridtun historia til ordet «kjønn» og brukar ordhistoria som utgangspunkt for ei drøfting av normer og oppfatningar om kjønn. Pamfletten Homoflokar (2018) dreiar seg om synet på homoseksualitet i Noreg i dag. I 2019 fekk Fridtun Språkprisen for bøkene Kjønn og ukjønn, Homoflokar og Språket er ei bukse. Fridtun kjem frå Elverum, men bur på Lillehammer.