Reisa er eit klassisk litterært motiv, som gjennom litteraturhistoria har fungert som motor i klassikarar frå Oddyseen, til Don Quijote og Heart of Darkness. I nyare litteratur er det ofte, som hos John Kerouacks On the Road, unge rastlaus menn som flakkar langs vegane på jakt etter meining, og bidrar til at reiselitteraturen ofte blir gjenkjent som ein typisk mannlig sjanger. Men også mange kvinner reiser og skriv. Er reisene deira annleis? Bidrar dei til andre måtar å forstå verda og oss sjølv i den?
Hanne Ørstavik, Anne Oterholm og Rønnaug Kleiva er alle kvinner som reiser og skriv. Korleis bruker dei reisa som litterært motiv i bøkene sine, og korleis navigerer dei mellom liv og litteratur?
Charlotte Myrbråten er ordstyrar.