Hanne Ørstavik er (fødd 1969) er ein av dei mest markante norske forfattarar i dag. Ho har hausta svært gode kritikkar for bøkene sine, og er kjend for sitt presise språk, sin stramme komposisjon og si evne til innleving i det enkelte menneskets følelsesliv. I romanene hennar er det eksistensielle problemstillinger som vert drøfta: «Hvordan leve? Med seg selv – og med de andre?».
Ørstavik debuterte med romanen Hakk i 1994, og har utgitt ti romanar og eit lesestykke, i tillegg til boka Der alt er klart i samarbeid med Pierre Duba.
Hanne Ørstavik har mottatt ei rekkje litterære prisar for sine bøker, m.a. Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen og Doblougprisen. I 2007 fekk ho Aschehougprisen for heile sitt forfatterskap. Bøkene hennar er omsett til 18 språk, i 2010 var Ørstavik Festspeldiktar.
I haust kjem hennar nye roman Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux.