I Alice A4 går Inger Bråtveit i ein meddiktande, mytologisk og ulogisk dialog med Lewis Caroll si barnebok Alice´s Adventures in Wonderland frå 1865. Det handlar om kjønn, klasse, makt og raseri, og den strukturelle avmakta desse faktorane, i
livet og i litteraturen, er underlagde. Møt Bråtveit i samtale med Margunn Vikingstad om boka og forfattarskapen forøvrig.