Det siste året har det vore hyppige diskusjonar om det som blir kalla kjønnsbekreftande behandling i norsk helsevesen. Korleis er møtet med det offentlege for den som er trans, og søker hormonell og kirurgisk behandling for å få ein kropp som samsvarar med kjønnsidentiteten?
Forfattar Molly Øxnevad er i år aktuell med kortromanen Feminin gange. Der møter vi ekskjærastane Tor og Liam, som er på veg frå Stavanger til Oslo i ein gammal varebil. Liam, som er trans, skal til sin andre konsultasjon for kjønnsbekreftande behandling på Rikshospitalet. Turen blir ei reise ikkje berre i relasjonen mellom dei to, men i samfunnsyn, kjønnsroller og kjensla av å vere definert som utanfor det normale. Kva for svar får Liam på Rikshospitalet, og kva står på spel for den det gjeld i ein slik situasjon? Kor mykje av dagens tilbod er kunnskapsbasert, og kva er gamle, trange forestillingar om kjønn?