Molly Øxnevad (fødd 1996 i Stavanger), er forfattar og for tida busett i Viborg i Danmark. Ho debuterte med romanen "En sånn rød amerikansk scooter", som fekk svært gode meldingar då den kom ut i 2020.
I 2022 er ho aktuell med romanen "Feminin gange". Det er ei forteljing om ein trans-mann og ein cis-mann og koleis dei begge forheld seg til kjønnsroller og kvarandre, og om kor tungt det kan vere å bryta normene.
Tor og Liam skal køyre frå Stavanger til Oslo i ein lånt varebil. Dei er ikkje kjærester lenger, men no skal Tor vere støtte for Liam på eit viktig møte på Rikshospitalet. Liam er nemleg trans og har behov for stadfestande behandling. Møtet på Rikshospitalet går langt ifrå som Liam håpar på, og det får konsekvensar for både han og Tor.