Aksel Øvreås Røed (1998) er ein ung, men etablert musikar frå Bergen. Han er kjent frå band som General Post Office, Other Aspects, Bergen Bigband, og sin eigen trio under eige namn. Han blei ferdig jazzutdanna i 2021 frå Griegakademiet i Bergen, og har raskt etablert seg som ein aktiv og ettertrakta musikar i Noreg. Det musikalske uttrykket spenner frå klassisk koralstemt harmonikk, til eksplosiv frijazz. Felles for alt, er at improvisasjon er i førarsetet og er den viktigaste delen av virket.