Bildøen (f. 1962) er forfattar, kritikar, omsetjar og forlagskonsulent. Ho er fødd i Ålesund, og oppvaksen i Aukra i Møre og Romsdal. Bildøen er utdanna bibliotekar, har studert sosiologi og gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har tidlegare vore forlagskonsulent og litteraturkritikar, mellom anna for Dagbladet. Ho har vore medlem av Den norske forfatterforeningens litterære råd. Ho var festspeldiktar for Dei nynorske festspela i Ørsta i 2001 og for Festspillene i Bergen i 2019.
Romanen Alt som er (2004) vart som den første boka på nynorsk av ein kvinneleg forfattar lansert som månadens bok i Bokklubben Nye Bøker. Med romanen Sju dagar i august (2014) vann Bildøen P2-lyttarane sin romanpris. For same roman vart ho langlista til Dublin Literary Award. I 2021 kom den kritikarroste omsetjinga av Virginia Wolfs Til fyret.
Bildøen dramatiserte sjølv romanen Sju dagar i august for Det Norske Teatret i 2017. I 2019 var det premiere på musikalen Kristin Lavransdatter på Den Nationale Scene i Bergen, med sangtekstar av Bildøen.
I 2023 kom kritikarsuksessen Gult farevarsel; ein kriminalroman om ei stormfull helg på fjellet som endar i eit “burlesk, ja, vilt klimaks” (Fartein Horgar, Adresseavisen). Det same året fekk ho også Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.
Sagt om Gult farevarsel:
“Det kan vere vanskeleg å bake klimakamp og miljøengasjement inn i ein roman, utan at det blir trått misjonerande. Brit Bildøen klarar det betre enn dei fleste.” - Gerd Elin Stava Sandve, NRK
“[L]esaren vert engasjert. Veldig engasjert! [...] Thrillerelementet som litt etter litt veks fram, gjer boka spennande [...] Gult farevarsel er kort og godt ei aktuell bok.” - Odd W. Surén, Dag og Tid