Cecilie Løveid (fødd 1951) er ein norsk dramatikar, forfattar og lyrikar. Ho vaks opp i Bergen, flytta til Oslo i 1987 og var busett i København fra 1999 til 2011, før ho flytta tilbake til Bergen. Flyttinga heim igjen er tema i hennar kritikarroste diktsamling Flytterester (2012).
Løveid var redaksjonsmedlem av tidsskriftet Profil på 60. - 70.- talet. Ho debuterte med romanen Most i 1972. Løveid skriv ofte ei blanding av prosa og lyriske tekstar, og høyrer med blant dei mest originale og eksperimentvillige forfatterne i sin generasjon.
Cecilie Løveid var Festspilldikter ved Festspillene i Bergen 1991, har sitte i Forfatterforeningens litterære råd og Dramatikerforbundets Dramatiske Råd og vore norsk representant ved Bonnerbiennalen. Ho underviser ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Løveid er ein av våre mest spelte dramatikarar, og har vunne internasjonal anerkjenning. Ho har og opptrådt i eigne performance-forestillingar, og har samarbeidd med fleire komponistar og biletkunstnarar. Dei fleste av hennar skodespel er omsett og framført i utlandet. Ho har utgitt barnebøker, og mottatt ei rekkje prisar for sitt forfattarskap, m.a. har ha mottatt Ibsenprisen tre gonger, samt ei rekkje andre litterære prisar. For Vandreutstillinger vann ho Brage- og Kritikerprisen.