Hilde Kvalvaag (fødd 1968) er ein norsk forfattar busett i Bergen. Ho skriv ungdomsbøker og romanar for vaksne.
Ho debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003. For den fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris. For si andre bok, Nattsommarfugl (2005), mottok Kvalvaag Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok og Guro Sandsdalens litteraturpris.
I 2008 gav ho ut si første bok for vaksne, romanen Skagerrak, som ho fekk Samlagsprisen for. I 2010 vart ho tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for romanen Fengsla (2010).
I romanen Lev vel, alle (2015) skriv ho om eit komplisert forhold mellom mor og son. I romanen blir den seksten år gamle Knut motvillig med mora til Canada. Dei skal følgje fotspora til oldefaren som forlét familien og seks born i Noreg for aldri å kome tilbake. Knut har droppa ut av skulen etter ein alvorleg valdsepisode og mora håper at turen skal bli eit vendepunkt. Ho har sjølv sine grunnar for å ønskje seg vekk. Historia er inspirert av Kvalvaags eigen oldefar som forlét familien og levde dei siste 30 åra av livet sitt åleine i Canada.
Fleire av bøkene hennar er omsett til tysk.