Tomas Espedal (fødd 1961 i Bergen) debuterte som forfattar i 1988 med "En vill flukt av parfymer".
Han er utdanna ved Universitetet i Bergen og har utgitt både romanar og kortprosasamlingar. I 1991 blei han prislønna i P2/Bokklubbens romankonkurranse for Hun og jeg. Han har vært initiativtager til Bergen Internasjonale Poesifestival.
Tomas Espedal eksperimenter ofte med sjangeroverskridingar. Espedals seinare utgjevinger utforsker forholdet mellom romanen og sjangere som essay, brev, dagbok, selvbiografi og reiseskildring. Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv (2006) vart nominert til Nordisk Råds Litteraturpris, og han ble på ny nominert for Imot kunsten (2009).
Espedal fekk Kritikerprisen i 2009, Gyldendalprisen i 2009, Brageprisen 2011 for Imot naturen og vart nominert til The International IMPAC Dublin Literary Award 2013.
I 2011 var han festspilldikter ved De litterære festspill. Bøkene hans er gitt ut i 24 land.
I Bergeners (2013) gjekk han gatelangs i sin heimby «med James Joyces Dubliners som diskré kunstnerisk reiseguide». Mitt privatliv (2014) er ei fotobok, og ein roman. Fotografen er Tomas Espedal, og bileta dokumenterer hans liv og omgivelser dei siste femten åra.
I fjor gav han ut "Året", ei bok om årstider og forandringene som gjentek seg, alltid på ein ny måte. Boka fekk svært gode meldingar.