Høyr gjestande forfattarar sjøve lese frå haustens beste bøker. Etter ein musikalsk pause med Trio Cees, møter Jan Guillou sin gode venn Anne Holt til samtale som sine bøker og sitt liv.
I Ruth Lillegravens nyaste diktsamling Manilahallen fortel diktaren historia om Birgits liv. Det er ein biografi i diktform, ei form som lar Lillegraven fortelje om eit liv fylt av smerte, skam, motgang og sjukdom, men også med glede, kjærleik og humor – utan at det kjem for nært innpå livet til ho som er bakgrunnen for verket. Her kan diktaren leike seg med repetisjonar, tid og stad, fortel ho sjølv i eit intervju. For dette er eit liv som er levd også utanfor lyrikken.
22. juli er bakteppe i den siste romanen til Brit Bildøen, Sju dagar i august. Handlinga er lagt fram i tid, åtte år etter at Sofie mista dottera si i Utøya-massakren. Vi følgjer Sofie og mannen Otto gjennom ei veke i august. Kjærleiken dei imellom har hjulpe dei gjennom sorgprosessen, men no revner det. I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto Krohg-Iversen ei rekkje små ulykker som til saman avslører små og store sprekker både i ekteskapet, på jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre?
Lars Ove Seljestad sin nye roman Kjære bror er ei klok fortelling om det sårbare livet, men aller mest er dette ei vakker skildring av kjærleiken og samhaldet mellom to brør som veks opp saman i ein liten by på den vestnorske regnkysten. Kva var det eigentleg som skjedde då Arne vart borte på tjueårsdagen? Kva var det faren eigentleg meinte med det han sa til sonen? Kvifor kom Arne aldri heim igjen fra arbeidet på fabrikken? Kva var det som rørte seg i storebroren den natta alt gjekk galt? Desse spørsmåla har følgd veslebroren, Svein, gjennom heile vaksenlivet. Med den vaksne mannens livserfaring prøver han, nok ein gong, å gå igjennom det som hende den gongen for så lenge sidan.
Svenske Jan Guillou er ein av skandinavias store litterære stjerner. Sidan debuten i 1971 har han skrive over førti bøker, dei fleste er omsett til norsk. Dei ti bøkene han skreiv om agenten Carl Hamilton har åleine seld over fem millionar eksemplar. Dei er filmatisert og m.a. vist på norsk TV. Den historiske romanserien om korsfararen Arn Magnusson og hans innverknad på historia til det svenske kongeriket har vore på bestselgerlistene i fleire land.
Hans pågåande serie har i fleire år toppa listene hos både bokhandlarar og bibliotek her i Norge: Det store århundre er ei historie om de tre norske brødrene i det 20. århundrets Europa. Første bok i serien, Brobyggerne, startar i 1880-årene på et lite fiskevær på Osterøy utenfor Bergen. Fjerde bok i serien har nett kome ut i Sverige. Den kjem på norsk i løpet av hausten. Møt Jan Guillou i samtale med sin venn Anne Holt om sine bøker og livet forøvrig
Anne Oterholm er kveldens konferansier.