Sexskildringar i litteraturen, på godt og vondt.
På TV både snakkar dei om det, og «gjer det». Mediene er sprengfulle av tekniske hint og lure orgasmetips. Du og eg tenker på det fleire gongar dagleg — men forfattarane vegrer seg for å skildre kjønnsliv i tekstane sine. Kvifor det? Og er det likevel nokon der ute som har eit språk som kan uttrykka våre mest intime tankar og impulsar?
Vi gjer temaet til selskapsleik. Panelet har valt ut tekstar, og publikum avgjer kva som er pirrande, opphissande, skandaløst, kleint og katastrofalt.
I panelet:
Marit Eikemo
Maria Kjos Fonn
Pedro Carmona Alvarez
Programleiar:
Torgrim Eggen
Opplesning:
Anderz Eide
Musikk:
Lady Albatross