Sogneprest Einar Gelius var i hardt vêr i 2010, då han gav ut boka «Sex i Bibelen». Internt i kirka vart det oppstandelse, og Gelius endte med å slutte som prest i Vålerenga kirke etter mykje trøkk.
No som stormen har stilna, er det på høg tid å sjå på kva prosjektet eigentleg handla om. Kva seier Bibelen om sex, og er alt så kyskt og fokusert på det reproduktive som ein kanskje trur? Er ikkje elskoven ein del av Guds skaparverk, og kvifor er kyrkja så opptatt av å dysse ned det seksuelle? «Kom, la oss beruse oss i kjærlighet inntil morgenen, fryde oss i elskov!», seier jo Salomos ordspråk.
I dag er Gelius også utdanna sexolog, noko som har gitt han nye perspektiv. Han held foredrag om sex i Bibelen.