Nokre av oss lever heile livet innanfor trygge rammer. Andre får klaustrofobi av det trygge - og ser seg nøydd til å bryte ut av A4-livet. Kor kjem denne trangen til å bryte laus frå, og kva ventar den eventyrlystne utenfor kvardagens faste rammer?
Ida Hegazi Høyer har i fleire av sine romaner utforska karakterar som tek eit endeleg oppgjer med det kjende og kjære. Det kan handle om å trekke ut alle tenna og flytte til ei øyde øy i Stillehavet, eller ein ny relasjon som får ein til å revurdere alt ein trudde ein visste. Møt ho i samtale med Robin van de Walle.