Eddadiktet Håvamål har vore folkelesnad i mange generasjonar. Dei fleste les diktet i omsett form, men kven er det som står bak omsetjingane? Og kor frie har omsetjarane tillate seg å vera, til dømes i framstillinga av kvinnefigurar?
Forfattar og norrønfilolog Kristin Fridtun er ein ihuga lesar av eddadikta. For nokre år sidan la ho merke til at den kvinnelege Håvamål-figuren Billings møy var framstilt litt annleis i norske omsetjingar enn i den norrøne grunnteksten. Var ikkje møya vorten litt penare i dei norske utgåvene? Og litt dummare? Fridtun tok til å saumfara utgåver på andre språk. Då dukka fleire spørsmål opp. Kvifor er det nesten berre menn som har omsett eddadikt til skandinavisk? Kvifor er Billings møy naken i illustrasjonane? Og kva veit vi eigentleg om henne?