Bli med søvnlause poeter og natteranglarar inn i natta.
Ein magisk time der Erlend O. Nødtvedt les frå si komande diktsamling Olav Nygårds seng, ein nokturn diktsuite om draumar, mareritt, insomni og søvnparalyse. Pedro Carmona-Alvarez les dikt, og Berit Opheim syng bånsullar, nattasongar og andre draumkved.