Magisk rommer det overnaturlege, det uforståelege – og det fortryllande. Hendingar som er så underlege eller fantastiske at vi ikkje klarer plassera dei på anna vis enn i kategorien magisk. Erfaringar og opplevingar som utvidar denne verda i ei litt meir utruleg retning enn det ein trudde var mogleg. Magisk tek opp i seg det vi meiner å sjå som ein trend i samtidslitteraturen: ei dreiing frå røyndomslitteratur til lett surrealisme, religiøsitet og overnaturlege fenomen.
Er det éin stad det magiske trivst, er det i litteraturen. I bøkene kan alt skje. Eit minutt kan utvidast til å vare i timesvis, orda kan skape magiske augneblink - og ei forteljing frå ein grå kvardag kan plutseleg opna seg opp til andre dimensjonar og lag. Samstundes er Magisk blitt eit “blødme-ord”, for å namngje opplevingar og saker som oppleves som veldig bra.
Rundt desse spora programmerer vi no årets Litteratursymposium. Info om deltakarar og program vert lansert utover våren.