- Ordet etter 22. juli
Kva kan ord gjere i den tragedien Norge blei utsett for 22 juli? Kva oppgåve har forfattarane? I dette programmet vil vi diskutere straumen av ord som er blitt skrivne i kjølevatnet av 22. juli. Vi har invitert Pål Norheim, som i tillegg til å bruke Facebook som viktig kanal for sine ytringar, har skrive essayet "Gutterommet og verden" om Anders Behring Breivik i siste Samtiden. Kjartan Fløgstad skriv om 22 juli i sin nye roman, Nordaustpassasjen, og Cathrine Grøndahl er poet og bistandsadvokat for dei etterlatne. Frode Molven er ordstyrar.
Frode Grytten vil avrunde samtalen med "Eit dikt for dei unge", som blei framført underNasjonal minnemarkering 22 juli i år.
Fredag klokka 17.00