Det moderne Odda vart fødd på dramatisk vis. Dynamitten gjalla mellom fjella og rallar og slusk skremde dei innfødde frå vettet. Resultatet vart ein smeltedigel av nye innbyggjarar frå alle landshjørne. I tillegg var naturen som omkransar staden viden kjend for dramatikk. Kan det vera årsaka til at oddingen er meir dramatisk enn andre? Eller er han eigentleg det? I dette kåseriet har Kraftmuseet v/Anne Gravdal samla dramatiske hendingar på godt og vondt.
Foto: Kraftmuseet