Birgitte Lange (fødd 1966) er ei norsk byråkrat og forfattar.
Sidan 2013 har ho vore assisterande direktør i Utlendingsdirektoratet. I meir enn 10 år har ho vore tett på menneske som ikkje har sin eigen heim, gjennom arbeid i m.a. Kirkens Bymisjon, barnevernet og med flyktningar.
I august 2015 gir ho ut boka Hjemmestedet. Lengselen etter å komme hjem, der ho reflekterer over kva omgrepet «heim» kan romma - om heimen som ein fysisk stad og ein indre tilstand. Om kjensla av heimlause og lengta etter å kome heim. Ho skriv om natur og kropp. Om kjernefamilien og kollektiv. Om rus og tru. Om barndomsheimen og eldrebustaden. Birgitte Lange har nytta sine personlege erfaringar, og ho har møtt menneske som fortel korleis dei har kome heim, og kva som er ein heim for dei.
Lange har tidlegere skrive bøkene Venner for harde livet (2003), saman med Marit Slagsvold, og Rikere hverdag. Glede her og nå (2010).