Duc Mai-The er skodespelar. Han er utdanna ved Statens Teaterhøgskole og debuterte i 1992 med Hamlet på Oslo nye teater, der han var fast tilsatt til 2001.
Han er frilanser og driv selskapet Gut og kar produksjoner. Mai-The har gjennom fleire tiår lese inn lydbøker og dubba teikefilmar. Han har medvirka i mange TV-produksjoner, filmar og teater. I 2008 og 2009 fekk han Statens kunstnerstipend.
Mai-The kjem til symposiet med barneteateret “Skinnvotten”, ein liten forestilling om ulikskap og gjestfridom, av og med Duc Mai-The.