Bandet er eit kollektiv bygd på utfall, innfall og innspel. Grunnfundamentet er Eskil Engdal og Tom Stalsberg sine tekstar. Det er rock og det er taffel, det er pop og det er litt blues. Det er vemod, alvor, 4 cl galskap og songar om lus, luksus-cruise, grådighet og svik.
Blant dei dårlege venene er Baard Slagsvold, kjend frå Tre Små Kinesere, Motorpsycho og sitt eige orkester Slagsvold. Gitarist og forfattar Kjetil Sæter klatra tidlegare på internasjonale hitlister med bandet Katthult. Songar Siri Gellein hausta med sitt eige «Siri's Svale Band» internasjonal anerkjenning for sine jazzutgjevingar. Musikarparet Trygve Beddari og Anne Margaret Nilsen turnerer vanlegvis Noreg med alt frå folkemusikk til songar frå botnen av den amerikanske draumen.