Hans Jørgen Sandnes (født 19. juni 1979 i Sandefjord) er ein norsk illustratør og animatør. Han har blant anna regissert dei ni klassiske teiknefilmane til Alf Prøysens barnesongar, kjent frå NRK Super. Han har også illustrert meir enn 30 barnebøker, blant anna jubileumsutgåva av Prøysens «Sirkus Mikkelikski» og nyillustrert Anne-Cath. Vestlys «Mormor og de åtte ungene» for Gyldendal. Saman med Jørn Lier Horst har han laga bøkene om «Detektivbyrå nr. 2», som raskt har utvikla seg til å bli landets bestselgande barnebokserie med over 500.000 i opplag. Bøkene om «Detektivbyrå nr 2» er selt til 19 land via Salomonsson Agency i Stockholm. Hans nyaste prosjekt er en bildebok i samarbeid med forfattar Maja Lunde.