Leander Djønne (fødd 1981 i Odda) er biletkunstnar og forfattar, som bur og arbeider i Grimo, Ullensvang.
Djønne si kunstnarlege praksis bevegar seg mellom film, tekst, foto og skulptur. Kunstnarskapet beskriv konfliktar og samanhengar mellom natur og sivilisasjon og korleis mennesket inngår i dette spelet. Assosiative forbindelsar mellom lyrikk og historiske fakta frå arkeologi og industrihistorie dannar grunnlaget for mange av kunstverka. Djønne har vist arbeid gjennom soloutstillingar, gruppeutstillingar og publikasjonar nasjonalt og internasjonalt gjennom dei siste femten åra.
I 2022 romandebuterte han på Oktober forlag med "Oskespiralen". Lanseringsfesten for denne var for fulle hus på symposiet 2022. Debuten fekk svært mykje merksemd og gode meldingar då den kom ut, og i 2023 gjekk romanen heilt til topps, som vinnar av den anerkjende Lytternes romanpris!