Teresa Grøtan (fødd 1974) er busett i Bergen. Ho er journalist og forfattar, og jobbar no som festivalsjef for Bergen internasjonale litteraturfestival.
Ho har tidlegare gitt ut fleire bøker, og fekk Blixprisen i 2013 for barne- og ungdomsbøkene sine. Grøtan har tidlegare bygd opp og leia sakprosafestivalen Verden i Bergen, ho har vore redaktør for Syn og Segn og grunnleggjar av magasinet Global Knowledge.
Grøtans siste bok, ungdomsboka Før øya synker (Gyldendal 2018), er ei sakprosabok om klimaendringar kor forfattaren møter unge mennesker i utsette områder, for å høyra korleis dei opplever klimaendringane.