Vibeke Flesland Havre er utdanna teatervitar frå UiB og skodespelar frå Arts Educational School of Acting i London. Ho har jobba med ei rekke teaterkompani i England, Spania, USA og Noreg. Ho har vore ansatt som skodespelar ved Den Nationale Scene, Det Vestnorske Teateret, Teateret Vårt, Teater Vestland og Unge Viken Teater.
I tillegg til å vera skodespelar, har ho skrive og sett opp ei rekke framsyningar både på etablerte scener og i det frie feltet. Ho har vore kunstnerisk leiar for Bergen Borgerscene sidan oppstarten i 2014, eit samarbeidsprosjekt mellom VFH-produksjonar, Den Nationale Scene og Festspela i Bergen. Hausten 2015 mottok ho Pernillestatusen for sin kunstnarskap, både som skodespelar, dramatikar og regissør.