Kjære alle saman! Slik tar dei fleste talar til. Men kva kjem så? Alt mogleg! I sju år reiste fotograf Erlend Berge rundt i Noreg for å fotografere talarstolar. Frode Grytten har skrive tekstar til bilda, prosjektet har blitt bok, og i Odda smeltar alt saman til ei unik framsyning om den norske offentlege samtalen, av og med Frode Grytten. Dei briljante skodespelarane Trond Espen Seim og Anders Baasmo Christiansen kjem vestover for framføre alternative 17. mai-talar, sjuke bryllaupstalar, dikt om krig og fred, og full gjennomgang av politiske skandalar. Dette blir sprettent, tankevekkande, vilt og vakkert; det blir hylling av det frie ordet. Erlend Berge sine allereie prisa fotografi er med i showet. Forfattaren sjølv vil dukke opp blant alle talarstolane på scena i kinosalen, og dei eminente Ole Amund Gjersvik (bass) og Tore Hegdahl (tangentar) står for det musikalske. Kjære alle saman, kom, kom!
Foto: Erlend Berge / kjæreallesaman.no
Boka Kjære alle saman! med fotografi av Erlend Berge og tekstar av Frode Grytten er ute på Verbum forlag hausten 2024.