Symposiet si opningsframsyning.
Du er hermed invitert til Litterær Kraftstasjon; symposiet si opningsframsyning! Festivaldronninga Marit Eikemo har skrive årets bestillingstekst, og Frode Grytten kjem i to ulike utgåver; som seg sjølv for å snakke om oppsetjinga “Kjære alle saman”, og som Arne Hesjedal for å snakke om… ja, kven veit?? Det som er sikkert er at du skal få trent lattermusklane dine! Dei lokale musikalske stjernene Zebra Duo og elevar frå Odda ungdomsskule speler dramatisk musikk i tråd med årets tema, DRAMA, og ordførar Roald Aga Haug kjem for å kaste glans over det heile. I tillegg får du sjølvsagt høyre frå sjølvaste festivalsjefen, Ingvild Ystanes, og kva som har vore hennar kongstanke når det gjeld årets tema. Alt dette og litt til får du på Litterær kraftstasjon; SYMPOSIET SI OPNINGSFRAMSYNING!