Nysgjerrig på dei nye bøkene, og kven som skriv dei? Vi set av ein liten halvtime til å møte éin forfattar og éi bok. Forhåpentlegvis gjev smakebiten oss meirsmak! Programvert Tora Sanden Døskeland møter Gunnhild Øyehaug og den ferske romanen hennar, Her kjem sola, til litterær speeddate.
Frå baksida:
Helga Mork er i overgangsalderen og har innstilt seg på at ho skal leve åleine, ved sida av ein taus, stor stein. Men når det ein dag flyttar inn nye naboar i det tomme nabohuset, og ho får kjensla av å ha møtt sjele-tvillingen sin i den eine av dei to, hjelper ikkje lenger panseret av svartsyn. Ho leiger seg eit kontor, som viser seg å vere ein portal inn i ei anna røynd, der alle berre kviskrar. Korleis skal ho kome seg tilbake?
Her kjem sola er ein kjærleiksroman som leitar etter håp i menneskeleg kommunikasjon, der fiksjon og røynd stadig glir over i kvarandre og det er vanskeleg å seie kva som er kva, med unntak, kanskje, av det som lyser aller sterkast.