Konsert.
Bergensrockens hemmelege alkymistar, popmusikkens apokalyptiske labyrintmeistrar – kaleidoskopisk dukketeater og symfonisk skyggeopera. Major Parkinson har blitt skildra på tallause måtar i løpet av karriera, og ikkje utan grunn. Dette makelause musikalske fenomenet har hoppa skamlaust mellom dei mest umoglege sjangerboksar i løpet av sine talrike utgjevingar, og kjem denne hausten til Litteratursymposiet med eit eksklusivt og skreddarsydd sett som viser bandet i ei litt meir nedstrippa innpakking enn ein kanskje er vane med å sjå dei i.