Skogen treng hjelp, er du den rette?
Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i han. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal. Slik går skogen rundt og held seg i perfekt balanse. No er det skogsprinsesse Alva si tur til å bli dronning, noko ho har førebudd seg på i alle år. Men… alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen. Rykte og vonde tankar spreier seg i skogen, kor kjem dette mørkret frå? Skogen prøver å ordne opp så godt han kan, men treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.
Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien!
Praktisk informasjon:
Kle dykk etter vêret: Alt går føre seg utandørs, så kle deg for vêr og vind. Det kan vere lurt å ha med litt å drikke og noko å ete på undervegs, om det vert behov for litt påfyll for dei minste. Vi kan komme til å bevege oss i noko ulendt terreng. Ein må difor vere stødig til fots. Vi kan også anbefale å ta med sitteunderlag. Det kan også vere greitt med bæremeis for dei minste. Hundar må halde seg heime denne dagen.
Framsyninga passar frå ca. 4-9 år.
Varigheit ca. 1 time.