Nokon ganger byr livet på uforutsette hendingar som slår sprekker i tilværet, og etterlet gamle rutinar i kaos. Ingen kan sikre seg mot livets potensielle utforbakkar. I denne samtalen snakker vi med Ida Hegazi Høyer og Lars Saabye Christensen, om korleis deira romankarakterar taklar livet, når saumen ikkje lenger held.
I Høyer si siste bok Kirurgen går alt gale: Etter ein rutineoperasjon blir kirurgen informert om at den ni år gamle guten han opererte har utvikla underlige symptom. Hendinga blir starten på ei usikker tid for legen som tidlegare hadde alt på stell. Og kva skjer når fasaden slår sprekker? I Saabye sin roman En tilfeldig nordmann blir lesaren kjend med Gordon Moe, byråkrat i Landsbruksdepartementet. Hans vanlege liv er i imidlertid i ferd med å rakne. Etter at han har lira av seg bannskap og slibrighetar i høg tone på eit offentleg arrangement er det ingen veg tilbake til eit rutineprega liv på kontoret. Han er ein mann som kokar over, og hans nye høge temperatur fører han på ville vegar. Ida Hegazi Høyer og Lars Saabye Christensen i samtale med Kjetil Vikene.