Trilogien om Kristian Hertervig skal bli forfattar og multikunstnar Fredrik Høyer sin neste roman og kjem etter planen ut neste år. I den tredelte monologen om den post-traumatiserte vikarlæraren Kristian Hertervig som får jobb på ein barneskule har Høyer kombinert idear frå sitt kunstnarlege virke som romanforfattar, scenekunstnar, musikar og slam-poet. Forestillingane kan opplevast sjølvstending eller i samanheng. Første del, SKYENE, har form av live lydbok der Høyer les live for publikum med musikk til. I andre del, DET LÆRTE, spelar Høyer live musikk akkompagnert av førehandsinnspelt tekst, og i tredje og siste del, HELTENS REISE, spelar Høyer ei teaterscene live for publikum.
Fredrik Høyer møter Morten Cranner til samtale om prosjektet.