Forfattar, kokk og kyrkjeorganist Anders Totland har sidan 2015 skrive skjønnlitteratur og sakprosa for både born, ungdom og vaksne. I mange år dreiv han matbloggen «Frå hage til mage», og i 2017 gav han ut kokeboka Digg. Gjer kvardagen til ein fest. Vintertonar frå 2019 var den første romanen for vaksne. Den handlar om vald i familien og om Isak som reiser tilbake til barndomsbygda for å finne sanningar om mora, faren og si eiga fortid. I 2022 kom den første boka om den pensjonerte presten Jacob Juul, Til jord skal du bli, og i sommar kom den frittståande oppfølgjaren Til døden skil oss. Totland kjem til prestegarden for å lese og fortelje frå forfattarskapen sin.
PRESTEGARDEN PÅ LOFTHUS KL. 11.