Hadle Reisæter (fødd 1988) er skodespelar og scenekunstnar.
Han er meir son av sin far, enn son av si tid.
Reisæter har si utdanning frå Statens Teaterhøgskole i Oslo. Han var tilsett ved DNS i fleire år, der var han å sjå i m.a. «Hellemyrsfolket» og «Forbrent», før han vart klimaflyktning og måtte vekk både frå borgarskapen og regnet. Det siste året har han vore å sjå i «Brand» på Teater Ibsen og i «Glassmenangeriet» ved Rogaland Teater.
Reisæter arbeidar med livsprosjektet «Kapital» der han vil sjå på fordelingsproblematikk i lys av eiga modning og samfunnets utvikling. Vi fekk ein smakebit frå monologen på LItteratursymposit 2017. Stykket visast på Hordland teater i september 2018, og skal setjast opp på ny kvart 15. år.