Ei mørk, poetisk og annleis framsyning frå to artistar med opphav frå undergrunnsscena i London. Brudini sitt musikalske landskap, med knirkete piano, analoge synthar, kontrabass og jazztrommer, krona av ei einsam røyst, blandast med Thierry Alexandre sine utanomjordiske visuelle kreasjonar og rørsleferd gjennom fabrikken. Abstrakt og sjølvransakande, og ei feiring av det som er annleis.