Åshild Kanstad Johnsen (fødd 1978) frå Bergen er ein prislønna forfattar, illustratør og biletkunstnar.
Ho studerte visuell kommunikasjon ved Kunsthøgskolen i Berge 2003-2008.
Ho debuterte som barnebokforfattar med biletboka "Kubbe lager museum" i 2010. Boka vann sølv i klassen «Billedbok» i Årets vakreste bøker i 2011.
Bøkene om Kubbe har blitt ein stor suksess og internasjonalt, debutboka vart m.a. omsett til fransk. Åshild og Kubbe er og blitt "Big in Japan", der Kubbe univers no omhandlar teiknefilmar og ulike Kubbe-produkt. Ho har gjeve ut tre bøker og 2 app/ digitale bøker om Kubbe.
Johnsen har og gitt ut "Ulla og Bendik bygger by", ei myldrande og utforskande biletbokunivers.